Per och Maj, Maj och Per

I dag har eg eit nytt dikt i Salongen på P2 i dag – denne gongen  om det legendariske krimparet Sjöwall & Wahlöo – dei som på mange måtar var nordic noirs mor og far. Diktet kan du høyre her – eller lese under. God helg!
– SJÖWALL OCH WAHLÖÖ, MAJ OCH PER

per och maj

maj och per

dei som nett har

møtt kvarandre

det er han og henne

hans barn og hennar barn

etterkvart felles barn, og så

skrivinga, alltid skrivinga

også den eit felles barn

maj och per, per och maj

det har dei felles

der er dei like

og så ein dag

lysten til å skrive krim

skrive realistisk krim

krim som er som

livet sjølv, krim

om samfunnet

og tida

ti bøker

skal det bli

seier dei

og

roman om ett brott

skal serien heite

seier de

folk ler, for sånt

kan ein jo ikkje seie

men det seier dei

maj och per

per og maj

og så skriv dei

skriv seint og tidleg

mest seint, mest om

natta, det er då det

tikkar og går

maj skriv

og per skriv

og så byter dei

les kvarandre

stryk og legg

til

stryk og legg til

omtrent som

i kjærleiken

så blir det bok

så blir det

to, og tre, og

fire, fem, seks

sju, åtte, ni og

til sist også ti

bøker

først roseanna

så kjem

mannen som gick upp i rök

mannen på balkongen og

den skrattande polisen

brandbilen som försvann

polis, polis, potatismos

og endå fire til

ti bøker om

martin beck

lennart kollberg

gunnvald larsson

om drapsgåtene och

det stora brottet

ti bøker

om eit samfunn

i oppløysing

den siste boka

sit langt inne

per er blitt sjuk

kreften et han opp

innanfrå

boka rekk dei

ti bøker blir det

nett slik dei sa

det skulle bli

men døden

lurer dei ikkje

så finst ikkje

maj och per

per och maj

lenger

så er det berre

maj att

maj som ikkje kan

eller vil skrive lenger

maj som ingen lenger

bryr seg om

maj som ikkje har pengar

maj som saknar kjærasten sin

saknar han noko så inni helvete

åra kjem og åra går

år som stål og stein

som evig nedbør

som asfalt, glas

og betong

men ho held då ut

på eit vis

klarar seg på eit vis

enno fleire år kjem og går

måne i ny og måne i ne

igjen og igjen

maj er ei eldre kvinne

maj sit i ein eittroms

i stolen sin

tenkjer

på bøkene sine og

på per og alle åra som

har gått, alt dette som

kom og gjekk og blei

borte —

det er då

noko byrjar skje

det er då

dei byrjar ringe

og sende brev

og epostar

spørsmål

og invitasjonar

for verda

har oppdaga

skandinavisk krim

eller

skandinavisk noir

som dei kallar det

verda elskar

skandinavisk noir

og verda har oppdaga

kvar det heile starta

at det starta med

per och maj

maj och per

1965-1975

ti böcker

så slutt

så aldri meir

og verda

vil sjå maj

verda vil helse på

og framfor alt

vil verda lese

etter alle år

med skepsis og

misunning og

så gløymsle

no vil nokon

høyre og vite

og minnast

og maj reiser

og fortel og

smiler

så byrjar folk

igjen kjøpe dei

ti bøkene

ei bok her og

ei bok der

pengane

tikkar inn

på konto

litt her

og litt der

til maj kan

kjøpe seg

eit lite hus

eit hus

på landet

med utsikt

til havet og

dei bølgjande

åkrane

eit hus

og ein hage

som er berre

hennar

ja, her

kan ho leve og

her kan ho døy

leve og døy

medan bøkene

av maj och per

per och maj

blir lesne

verda over

blir dei lesne

igjen og igjen

Ruth Lillegraven – mai 2016

Diktet er inspirert av ein dokumentar på NRK TV tidlegare i vår.