Dette+er+andre+dagar+OMSLAG+KATALOG
Dette er andre dagar

Dette er andre dagar er eit langdikt i ti delar, skrive frå mars til mai 2020, våren då me måtte sjå annleis på så mykje: tida, kroppen, fellesskapet og nasjonen. I diktet tek Ruth Lillegraven lesaren med til kjøkkenbenken, til heimeskulen, til plattingen og den lokale skogen – til eit liv som brått blei så lite. Men forteljinga gjer også store sprang tilbake i historia, ut i naturen, ut i verda og inn i framtida, med overraskande motiv og bilete, som eit eldgamalt islandsk drikkehorn, støvete kyrkjekjellarar og permafrosten i Alaska.

 

Dette er andre dagar er ei personleg, men samtidig universell forteljing. For våren 2020 var også tida for dei store spørsmåla: kven er me, kvar kjem me frå og kvar skal me?

 

Omslagsdesign: EXIL Design / Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg

ISBN: 9788210057939

Utgitt: 2020

Til forlaget