Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Julemysteriet

Vanja og Sivert gler seg til å vise Mo den årlege julemarknaden. Torget i bygda blir fylt av boder og midt på torget skal foreldra til Vanja setje opp ei diger julegran. Dessutan kjem det kvart år ein julenisse med slede og ekte reinsdyr!

Men i år er det ikkje like koseleg. Det er ikkje snø på bakken når Klodeklubben kjem til julemarknaden. Og rett før grana skal tennast, oppdagar dei at nokon har kløyvd julegrana i mange deler. Og heller ikkje julenissen dukkar opp med reinsdyra!

Kven har øydelagd julegrana? Og kva har skjedd med julenissen? Kan desse to mysteria ha ein samanheng?

Klodeklubben. Julemysteriet er fjerde bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

Link til forlaget

Pris: 249,-