Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Sigd – ein poetisk konsert 

Sigd er ein poetisk konsert med Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing). Teksten er basert på diktsamlinga Sigd (2016). I 2016 og 2017 har det vore totalt 12 framføringar. Ta gjerne kontakt om du er interessert i å få oss på besøk. 

«Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta er eitt … Ruth Lillegraven er på si side ein meisterleg opplesar. Klårt og tydeleg ber ho fram teksten, og med enkel dramaturgi formidlar ho det dramaet som utspelar seg på småbruket mellom himmel og hav. Dei milde orda skjer som ein sigd.»

Nils Kvamsdal, Hordaland (lokalavisa for Voss og omegn) om konserten på Voss 28.10.2017

Musikken er ein kombinasjon av nyskriven musikk av Benedicte Maurseth og tradisjonell folkemusikk.

Skodespelar Gard Skagestad har bidratt til konserten med utval og regi.

Benedicte Maurseth (f. 1983, i Eidfjord i Hardanger) har som folkemusikar i mange år bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Benedicte lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

Benedicte Maurseth har i tillegg til turneverksemd i inn- og utland også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Om du er arrangørar og interessert i denne konserten – ta gjerne kontakt!