_MG_7035
Soga om Seselja – eit portrett i ord og tonar (premiere 2014)

Gjennom ord, song og tonar møter vi den einslege syerska Seselja, som lever og arbeider på første halvdel av 1900-talet. Dikta som førestillinga byggjer på er henta frå boka Urd.

Musikk og song ved toradarspelar Rannveig Djønne og vokalist/felespelar Tuva Syvertsen (på Vossa Jazz var Annlaug Børsheim vikar for Annlaug Børsheim). Opplesning ved Ruth Lillegraven.

Musikken er ein kombinasjon av nyskriven musikk og tradisjonell folkemusikk.

Takk til Nynorskens hus som har vore initiativtakar og viktig bidragsytar undervegs – og til skodespelar Gard Skagestad som bidrog til konserten med utval og regi.

«Mange måtte dessverre snu i døra då dei prøvde å komme inn i ein stappfull Osasal for å høyre Soga om Seselja. Dei heldige som fekk plass, fekk til gjengjeld ei oppleving av dei sjeldne.»

Les resten av omtale av konserten vår på Vossa Jazz her.