Salongen-dikt til Juleroser 2016 frå Juleroser 2015

Denne veka kjem Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser 2016 ut. Mandag hadde eg laga ei helsing på Salongen frå Juleroser 2015 til veslesøster Juleroser 2016Her kan du høyre helsinga. Og her kan du lese henne:

Kjære veslesøster,
Du har liksom vore så hemmeleg. Ingen skulle sjå deg og ingen skulle vite noko om deg. Men no har det byrja kome bilete av deg. Du er så lys og skjønn, sjølvsagt …  Og denne veka skal alle få sjå deg. I fjor var det meg … Etter at Herborg hadde stella og stulla og dulla med meg i ein evigheit, kom eg endeleg til verda, ein månad før jul. Fullspekka av kunst og lange dikt om kyrkjegardar. Kan dette gå bra? tenkte eg. Kven vil kjøpe meg, tenkte eg. Kjem til å bli ein gigaflopp, tenkte eg, innstilte meg på eit kort og stusseleg liv. Men tryll tryll, så var det over førti tusen som ville kjøpe meg og halde meg og lese meg. FØRTI TUSEN! Ikkje ei blekke att å oppdrive i ei einaste Narvesen-bu. Det eg ikkje hadde tenkt på, var at ikkje før var jula over, så var Herborg i gang med å lage deg. Dag og natt hamra ho laus på den datamaskina si. Redigerte og regjerte. Eg blei slengt vekk i ein krok, låg der og støva ned. Og no kjem du, veslesøster, så ny og frisk. Du inneheld visstnok til og med fotografi frå ”ei heilt ekta dronning”. Ja, det var berre det som mangla …

Herborg, ja. Ein ting vil du snart finne ut: ho likar å frelsa levande og døde. Helst til å like riktig ”gamle ting og tradisjonar”. No i desember er det kanskje deg dei skal frelsast til. Men berre vent. Ut på nyåret ein gong, då kan eg love deg at det blir andre bollar. Du kan berre innstille deg på å bli storesøster sjølv. Og så har eg høyrt rykte om cabaret på Chat Noir. I god gamal ånd, sjølv om det visstnok er samtida ho skal befatte seg med denne gongen. Og tryllestaven blir kasta opp og hit og dit, saman med kåper og koffertar og vesker og gud veit kva, medan Herborg flaksar mellom fly og flyplassar, hit og dit, opp i lufta og ned på bakken, om igjen og om igjen. Du veit, jo snakkar med sånn rolig og slepande stemme, og difor trur alle at ho er så rolig sjølv også. Yeah right.

Den blir nok suksess, den cabareten, også. Og du blir nok suksess, du også, veslesøster. Men seriøst: hauggamle songar, julehefte frå hine hårde dagar, og revytradisjonar frå før krigen ein gong? Veit du, eg trur Herborg eigentleg er ei riktig gamal dame, kledd i kroppen til ei ung og snasen berte. Berre sjå på henne: oppsett hår, skjørt og innsvinga jakker og blonder og høge sko med knappar på, som var ho ei av desse damene som gjekk på cabaret på tjuetalet. Pels og fløyel og eleganse. Av og til har eg tenkt: kva med ei heilt vanleg dongeribukse, Herborg? Hettegensar? Allversjakke? Har du tenkt på det? Snobbe ned litt, liksom?

Eg har ikkje sagt noko til henne. Eg veit jo betre. MEN: du kan jo vurdere å gjere det. Du som no er inne i varmen. Du som skal vere med når ho skal fly land og strand rundt med Juleroser i kinna og hendene og kofferten, predikere jul, heilage jul, og frelsa levande og døde … Ja, veit du, det synst eg du bør gjere. Ho har godt av å bli jekka litt ned, og eg trur du er den rette til å gjere det.

Med kjærleg novemberhelsing

frå di storesyster, Juleroser årgang 2015

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin