Sigd-konsert på Sæveruds Siljustøl

Sundag 23.oktober gjesta Sigd-duoen, Bendicte Maurseth og eg, Harald Sæveruds vakre heim Siljustøl i Bergen. Det var ei oppleving å få framføre konserten i Sæveruds eiga stove. På biletet ser de Sæverud sjølv og kona Marie i hagen på Siljustøl. Huset vart bygd i 1939. Mesteparten av det er i dag museum, og det er frå Siljustøl museum eg har lånt dette biletet. Her kan de også lese eit intervju med meg om konserten. Eg håpar kome tilbake til Siljustøl etterkvart. I mellomtida skal eg kose meg med Siljustøls vakre musikk – som har vakse opp av jord og landskap.