Sigd seld til indiske Seagull Books

Legendariske Seagull Books i India har no kjøpt rettane til å gi ut Sigd på engelsk. Seagull Books er eit uavhengig kvalitetsforlag som gir ut verdslitteratur i oversetjing til engelsk, med distribusjon i Storbritannia og USA, i tillegg til India. Dette er første gong noko av mine bøker blir oversett. Seagull Books lagar nydelege bøker, og eg er glad for at Sigd skal komme ut nettopp der.  Det er Gina Winje (biletet), i nystarta Winje Agency, som har stått for salet av boka. 

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin