Mai og Magnus hos bestemor

Mari og Magnus skal overnatte heimefrå for første gong. Det er både skummelt og fint, men heldigvis er det bestemor og hunden dei skal overnatte hos! Denne fjerde og siste boka i den sjarmerande serien om søskena Mari og Magnus har alt eit vellykka bestemorbesøk skal ha: aking, bollebaking og trygge, gode bestemor når kvelden … Read More

Mari og Magnus flyttar inn

Første boka i serien om Mari og Magnus, ein småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta … Read More

Mari og Magnus og smokketjuven

Mari og Magnus og smokketjuven Mari og Magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt. Dette er oppfølgjaren til den første boka om søskenparet, … Read More

Mari og Magnus får katt

Mari og Magnus får katt I den tredje boka om Mari og Magnus får dei oppfylt ein stor draum: Dei får ein kattunge! Tippi er den finaste pusen i verda, og dei lover å passe godt på ho. Men så ein dag – gløymer dei å lukke døra når dei går ut for å leike … Read More

Store stygge dikt

STORE STYGGE DIKT Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august-desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar og deira historier. Samlinga rommar mellom anna hendingar som trikkedrapet på Bislett i august, Erik Byes død, skypumpa som rasa inn over Oslo … Read More

Mellom oss

MELLOM OSS Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkje klarar snakke om. I 1972 dreg 25 år gamle Svein til Chile. Han kjem aldri heim att. Tretti år seinare kastar forsvinninga hans framleis skuggar over dei han fór ifrå: dei aldrande foreldra Jakob og Dagny, kjærasten … Read More

Urd

Urd Ruth Lillegraven fekk BRAGEPRISEN 2013 – i klassen skjønnlitteratur – for Urd. Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om … Read More

Manilahallen

MANILAHALLEN Som 33-åring blir ho innlagd på Modum bad, med ei kroppsvekt på berre 38 kilo. Birgit, fødd i 1946, gledesbarnet, gutejenta, ho som elskar dyr og skog, bøker og musikk. Korleis blei livet hennar slik? Kvart menneske ber på si historie, som inneheld kjærleik, smerte, glede, sorg, det mørkaste mørke og det lysaste lyse. … Read More

Sigd

SIGD Vinnar av Nynorsk litteraturpris 2016! Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er … Read More

Eg er eg er eg er

EG ER EG ER EG ER Nominert til Brageprisen 2016 for beste barne- og ungdomsbok. Nominert til Kritikerprisen 2016 for beste barne- og ungdomsbok.  Gjennom 39 dikt skildrar Eg er eg er eg er korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med … Read More