«Skogen den grøne» har fått si første melding

Den ferske barnediktboka «Skogen den grøne» er meldt av Mette Bleken i Hardanger Folkeblad. Ho skriv blant anna: «Lillegraven diktar oss ei ny verd i skogen den grøne. Skogsturane frametter vert garantert noko anna enn dei har vore til no, for fleire enn meg. Istappane som heng i mosegrodd berg; er dei bjørnetenner som smeltar vekk drope for drope? Geviret som kan hende «såg stormen kome/bestemte seg for/hoppa av», eller «skodda som huldrepust» er lillegravenske bilete. Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen, prislønt og kritikarrost illustratør og forfattar. Bileta hennar inneheld fleire element du kan dikta vidare med.»

Heile meldinga kan du lese her

.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin