Takk for meg til Dei nynorske festspela

23. – 26. juni hadde eg gleda av å vere festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2016. På biletet er eg saman med programansvarleg Åshild Widerøe som hadde snekra saman mykje av det rikhaldige programmet.Ikkje minst var det fint å få formidle litteratur for alt frå små barn i bygdetunet til godt vaksne på eldresenteret. Festspela 2016 hadde Morsmål som tema. Eg er glad for at eg ved to høve å få lese saman med to kvinner som har lese på sine morsmål, persisk og arabisk. Stas var det også å samtale og opptre saman med dyktige programleiarar og forfattarkollegaer – og ikkje minst fantastiske musikarar. Her er eit utdrag frå diktet eg laga til opningshøgtida.

(…)

heilt frå starten

ligg dei der

i kvart nyfødd

undrande blikk

i kvar celle og

kvar pore ligg dei

alle orda

ord frå besteforeldre

frå oldeforeldre og

tippoldeforeldre

ord frå tiåra, hundreåra

og tusenåra før oss

ord frå viddene

og steppene og

savannane

ord som stål og stein

som røter og regn

myrull og mose

ord som ein gong

blei samla og sanka og

borne heim, varsamt, som

var dei eit barn på armen

men også

alle dei nye orda

ord som gløder

ord som glør

og blør

ord som

viftar og vaiar

og seier: her er eg!

sjå på meg!

ord i rørsle

ord på flukt

ord hit og dit

og opp og ned

ord i oppbrot og

samanbrot og nybrot

alle desse orda og all denne tida

dagane, vekene, månadane og åra

alt dette som hektar seg i kvarandre

nesten utan at me merkar det

ord, ord, ord

ord som luggar

som klorar og bit

men også stryk og

klappar og klemmer

ord som aldri stansar

snart her – snart der

ord som aldri kan fangast

– men gjerne vernast

med all kjærleik og alt slit

kvar rubbel og kvar bit

ord frå far – og ord frå mor

ord som strekkjer seg som

små grøne fingrar, opp gjennom

mørke molda – til dei når lyset

vert den finaste blåaste blom

– blume – tiare

slike ord

slike dagar

slike liv

ord til å leva i

ord til å spela i

ord til å anda i