Tilbake til Modum

Eit av prosjekta eg jobbar med for tida er ei bok om Modum bad og naturen som terapi for Dinamo forlag. Det er interessant å møte ulike pasientar og høyre deira historiar – og krevjande, men lærerikt å gjere dei om til bokstoff. Noko av bakgrunnen for at eg vart spurd er nok Manilahallen (2014) – mi førre bok, som dels har handling lagt til Modum bad. Eg var då på fleire turar til vakre, vakre Modum bad (biletet er frå ein av desse – og viser meg og Berit Bjerke som var «modell» for boka). Siste dagen i mars var eg på ein ny tilbake på Modum. Ny bok – men Modum er like vakker.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin