To meldingar til Eg er eg er eg er

Eg er eg er eg er er mi første diktbok for barn, og har no fått to gode meldingar.

«Tilgjengelig og sjarmerende om jenta med vilt hjerte … Naturbildene, rim, og gjentakelser av ord og strofer gjør diktene rytmiske og lette å lese,» skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet, og gir boka terningkast 5.

Marianne Lystrup i Vårt land skriv blant anna:

«Noko av det ­finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet – så flyktig, svingande mellom sommarfugldans og sparkesint sorg … Den samlinga syner at også denne­ vanskelege kunsten meistrar ho. Den er ei gåve til både vaksne og born.»

Heile meldinga kan du lese her. 

Sjølv seier eg berre tusen takk – også til Mari Kanstad Johnsen for dei fine teikningane – og håpar mange vil lese boka!

Sommaren er på hell, men den er ikkje over, og eg tek med eit sommardikt frå boka.

SOMMARSVAL

den beste tida

stupesvabergsommar
sommarfuglsussommar
syklesvinsesvansesommar

dirredampedagar
dusdisdoggdagar
dudududagar

Save

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin