To x Gro Dahle og Ruth Lillegraven neste veka

Onsdag 15. februar skal eg til Litteraturhuset i Skien. Gro Dahle og eg skal samtale med Helle Riis om Sigd og Søster og mykje meir. Sjå fleire detaljar her.
Ei veke seinare, onsdag 22. februar, går turen til Litteraturhuset i Oslo, der eg er stand-in for Olaug Nilssen og har fått oppgåva med å intervjue sjølvaste Gro Dahle. Les meir her. Eg gler meg stort til begge arrangementa – det blir første (og andre) gong eg møter Gro Dahle, ein poet eg set høgt.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin