Vekas bok: Mattis Øybø: Elskere

Mattis Øybø er ikkje berre ein fantastisk forlagsredaktør på Tiden Norsk Forlag – noko som mellom anna har kome meg til gode, han er også forfattar. Han debuterte i 2003 med Alle ting skinner, ein roman eg hugsar gjorde sterkt inntrykk på meg. Denne veka lanserer han sin fjerde roman – den første på sju år. Eg har vore så heldig å få lese Elskere, og kan berette om ein stor leseoppleving. Dette er ein roman om Mikkel, som 22. juli 2011 opplever at Anna, som han har hatt eit forhold til dei siste ti åra og vel så det, brått er borte. Død i ei ganske ordinær trafikkulukke. Ho hadde sin familie, han hadde sin, og no må han sørgje heilt utan at noko veit det – medan han leitar etter tenåringssonen, mora, namn til babysonen han kallar Mao – og kanskje mest av alt etter seg sjølv. Kven var han – kven er han – og kven skal han bli? Og kven var eigentleg Anna? Er ho verkeleg heilt borte, eller kan ho vekkast til live? Var det kjærleik dei delte, eller var det noko heilt anna? Dette er ein gripande, men også nervepirrande og til tider ubehageleg roman, eit psykologisk drama som seier noko om sanning og løgn, kjærleik og bedrag, om å leve og å døy. Høyrest det tungt ut? Det er det ikkje. Dette er også ei underhaldande, morosam, gjenkjenneleg bok. Les henne!

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin