Verdas første Erlend Loe-dikt

Heldige meg har fått intervjue Erlend Loe på scenen to gonger siste året – i Odda og i Skien. Så fjetra blei eg av den kule og kloke herr Loe, at eg laga eit dikt om han, Andreas Doppler og elgen Bongo. Det blei sendt på Salongen på P2 i dag – på det som viste seg å vere Erlend Loes 47-årsdag. Gratulerer med dagen, Erlend! Diktet kan du høyre her – eller lese nedanfor.

VERDAS ALLER FØRSTE ERLEND LOE-DIKT

erlend loe

frå trondheim

han sit på tåsen

blant flinke folk

i eit flinkt nabolag

det er 2003 eller

der omkring, erlend

må snart leggje seg, for

det er kvelden no, snart

er det natta, og erlend

har ein jobb no, ein

ordentleg jobb

med møte

på møte

han burde verkeleg

leggje seg

han som aldri har vore

nokon bohem og aldri

vil bli det

han som treng

sine sju timar søvn

sine sju timar pause

frå verda, og alle

verdas krav

no søv ungane

no søv kona

men erlend

søv ikkje

erlend klarar ikkje

gå og leggje seg

i skinet frå pcen

sit han, og skriv

som om det var

livet om å gjere

for erlend

har funne opp

doppler no

flinke, flittige

pliktoppfyllande

andreas doppler

han som ein dag

ikkje lenger orkar

å vere flink og flittig

som ein dag tek sekken

og teltet sitt og berre går

går ut av det perfekte

livet sitt i den perfekte

familien, i det perfekte

huset i det perfekte

nabolaget

går opp i skogen

byggjer ein totempæl

adopterer ein elg og

kallar han bongo

så er det

doppler og bongo

bongo og doppler

frå no av er det alltid

doppler og bongo og

den store skogen

den store, stille skogen

som blir kvit og grøn og

gul og så kvit igjen

og sidan

når alle dei rare og

innpåslitne folka kjem

alle dei som vil vere del

av doppler og bongo og

den store stille skogen

så skogen ikkje lenger

blir stor og stille men

byrjar likne verda

der nede

då er det

framleis berre

doppler og bongo

og så i volvo lastvagnar

heile vegen til sverige, til ei

hasjrøykande og kverulerande

96 år gamal kvinne og ein

skaphomofil adelsmann

no også med son til doppler

flinke, vesle gregus på slep, elles

er det mest doppler og bongo og

erlend, erlend som skriv og skriv

skriv til slutten på verden slik

vi kjenner den

skriv til doppler

prøver kome heim

til

doppler oppdagar

at folk har fått endå

meir pengar, et endå

sunnare, trenar endå

meir, no også på face

og insta og twitter

doppler stansar

framfor huset sitt

det har blitt høgreblått

og på postkassa står det

ikkje lenger doppler

men egil hegel

egil hegel står det

og egil hegel er det

egil på kjøkkenet og

på soverommet og

i dopplers solveig

det er ikkje til å halde ut

tenkjer doppler, i furua

utanfor huset sitt

ja, eller egil hegels hus

sidan får doppler kome

inn til solveig og ungane

og sitt gamle liv

men det gamle livet

vil ikkje ha han, eller

er det han som ikkje

vil ha det gamle livet

for noko er for lite

eller er det for stort

for mange folk

for mange ting

for mange krav

for mykje alt

så må dei dra igjen

doppler og bongo

dra til nye skogar

og nye tider

medan erlend

med all sin intuisjon

og all sin energi

skriv og skriv

for det er nye tider no

krevjande tider i landet

og verda

i erlends liv er

jobben med alle møta

for lengst borte

det er berre

erlend og bøkene no

berre vaksenbøkene

og barnebøkene

ja, og så filmane

og tv-seriane, då

så mykje å lese

så mykje å lære

så mykje å skrive

så mykje å fortelje

ah, alle

desse forteljingane

morosame og mørke

som livet sjølv

alle desse forteljingane

som ventar der ute

og der inne

alt dette som

skal tenkjast og skrivast

medan doppler og bongo

rir ut av erlends bøker

og inn i solnedgangen

medan me står der

og vinkar, seier

takk og farvel

og lukke til

på ferda

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin