Verdas poesidag i dag

I dag er det verdas poesidag. Og snart er det vår. Eg feirar med å leggje ut dette diktet frå ei vakker og trist diktsamling, Vårar seinare (2014) av Anna Kleiva – eit dikt som får meg til å tenkje på mi eiga ungdomstid. 

på varme dagar tek
jentene ut syklane
eikene droplet av perler
blassare enn i fjor, men
med like klukkande lyd
regnbogefarga dropar
inn mot hjarta

dei trillar ut på vegane
på to eller tre hjul
flerrar spindelvev
helsar kjekt
på gutane utanfor garasjane i ein draum av såpevatn
nettopp atten nettopp bil
dei rullar ut på vegane
på fire hjul

og i skogane snik tenåringsjenter
med tunge viper og tunge
plastposar og hår og halsar
klirrar våren inn når
kveldslyset står skrått
over marka

mørkret fell gjennom lufta og inn i bakken
frå oppe i fjellsida ular
våren, slamrar mot kroppane

Anna Kleiva

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin