Verksuka 2016 på Bærums verk – veke 42

Fredag 14. oktober opna Verksuka på Bærums verk. I veke 42 byr kunstnarane, designarane og galleria på Bærums verk på ei stor kollektivutstilling i den historiske Gassbygningen. Også eg har fått lov å vere med – med bøkene mine og eit dikt på veggen. På det rikhaldige programmet står også opne verkstader, utandørsinstallasjonar og konsert. Kunstnarane vil også demonstrere og fortelje om arbeidet sitt, og det blir installasjonar i det fri. Du kan lese meir om programmet på www.verksuka.no

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin